Ledig stilling Museumshandverkar

Musea på Sunnmøre har ledig ei fast 100% stilling som museums-handverkar i forvaltningsavdelinga. Avdelinga har ansvar for kulturhistoriske bygningar, driftsbygningar og museumssamlingar.

 

Stillinga inngår i eit team av handverkarar som i hovudsak vil arbeide med museet sine kulturhistoriske bygningar.

Oppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Vedlikehald og restaurering av kulturhistoriske bygningar
  • Ettersyn og forebyggande vedlikehald
  • Tilstandsvurdering og dokumentasjon av kulturhistoriske bygningar

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev/utdanning innan tømrarfaget
  • Kompetanse på eldre byggeteknikkar
  • Praksis, kunnskap og forståing for antikvarisk bygningsvern og bygningshistorie
  • Må kunne jobbe både sjølvstendig og saman med andre
  • Må vere allsidig og innstilt på å utføre varierte arbeidsoppgåver

 

Av personlege eigenskapar ønskjer vi oss deg som

  • Er løysingsorientert og nøyaktig
  • Er positiv og samarbeider godt med andre
  • Arbeider strukturert og har evne til omstilling

Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast.

 

Vi kan tilby

  • Ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
  • Løn i SK 1091 teknikar med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk
  • Fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonskassa
  • Tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement

 

Dei første 6 månadane er prøvetid. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

 

Arbeidsstad: Ålesund, men arbeid ved fleire av museumsanlegga våre må påreknast.

 

 

Søknadsfrist: 17. april 2021

Søknad:
Send søknad med CV til post@mupsu.no

 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å henvende deg til fagdirektør forvaltning Torbjørn Akslen tlf. 40 84 64 97

 

Musea på Sunnmøre er ein profesjonell vitskapleg institusjon med 63 tilsette (43 årsverk) og mange frivillige. Museet er organisert i 4 avdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning, kunsthistorisk avdeling og avdeling for administrasjon. Administrasjonen ligg i Ålesund, i tillegg har vi tilsette i Sykkylven, Volda, Ørsta og Vestnes. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og et folkemusikkarkiv.