Dikt på tur langs Sæssvatna

 
10/6, kl 19:00-21:00
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Vi møtes ein sommarkveld og deler fine, gode, artige dikt med kvarandre.


Andre kulturinnslag kan også dukke opp, som felespel, song, gode historier og anna.

Det er i år femte året Sykkylven Mållag og Sykkylven Naturmuseum inviterer til ein annleis kveldstur, i år til Sæssvatna i Sykkylven. Har du eit dikt på lomma eller eit anna kulturinnslag du vil dele med andre, bli med!

 

Oppmøte
Køyr skogsvegen frå Helleskjerva på Ikornnes (Sætre-sida), parkering og oppmøte på den store parkeringsplassen ved Sætre og Jarnes vassverk. Vil du ha litt meir trim, kan du parkere ved idrettsplassen på Ikornnes, og følgje vegen fram.

 

Vi følgjer gjeldande smittevernreglar.

 

Kontaktinformasjon   
Magnhild Vatne, Sykkylven Naturmuseum magnhild@mupsu.no

 

Foto "Sommarmorgon": Reidar Netland
Foto "Dikt på tur" og "Diktbøker": Magnhild Vatne / Musea på Sunnmøre