Stressless 50 år

Dei om lag 120 frammøtte kunne stresse ned og nyte gla`jazz tonar og møbelsoge då to Stressless-utstillingar vart opna i Sykkylven søndag 20. juni. Veret spelte på lag med arrangørane og sola skein på publikum i Berliparken.

 

Det var museumsdirektør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn som stod for den offisielle opninga. Ho fortalde mellom anna om ein av dei første langreisene sine, då ho på flyplassen i Singapore plutseleg stod framfor ein monter med ein Stressless-stol frå Sykkylven. Då skjøner ein at dette er eit produkt som er stort, også i verdssamanheng. Det kunne finansdirektøren hos Ekornes, Fredrik Ø. Nilsen stadfeste. Under opninga fortalde han at 92 prosent av Stresslesssalet går til eksport, og at stolen vert seld i 48 land i alle verdsdelar.

I heile sommar kan besøkande få lære meir om Stressless-stolen. På Møbelmuseet vert hovudpunkta i den  50 år lange stolhistoria viste fram. På Berlihuset er det fokus på dagens Stressless-kolleksjon.

Som eit tredje element i sommarens «møbelvandring» i Sykkylven, kan folk sjå Peter Opsvik sine møbelskulpturar i Galleri Cylindra i Tusvika. Også andre delar av Opsvik sin omfattande produksjon vert vist her.