Middelaldermuseet lanserer dokumentarserie om Borgundkaupangen

Middelaldermuseet i Viti er klar med ein heilt nyprodusert videodokumentar om Borgundkaupangen. Museet er involvert i eit forskingsprosjekt ved Universitetsmuseet i Bergen som skal sjå nærmare på dei over 45 000 arkeologiske funna som er gjort i den forsvunne mellomalderbyen. Som forvaltar av funnstaden bidreg museet i formidlinga av prosjektet, og denne dokumentaren er eit viktig bidrag. Museet fekk også koronamidlar frå Møre og Romsdal fylke for å gjennomføre prosjektet.

 

Dokumentaren er laga for målgruppa ungdom, og vil derfor vere interessant for eit breitt publikum. «Mange vil nok få seg ei aha – oppleving når dei ser kva som skjuler seg under markane i Borgundkaupangen. Og så er det spennande å følgje arbeidet til forskarane», seier fagdirektør Ingvil E Grimstad. Med dokumentaren håper museet å spreie kunnskap og skape meir interesse for Borgundkaupangen.  

løpet av fem episodar kjem sjåaren tett på korleis forskarane arbeider med ny teknologi, kva folka levde av og - korleis Borgund forsvann ein gong på 1500 - taletFleira av forskarane frå Borgundkaupangen – prosjektet ved UiB er med i dokumentaren, i tillegg til museet sine fagfolk. Dokumentaren er produsert i samarbeid med Ole-Andre Rønneberg i Gullskrinet A/S.   

 

Lansering: Fredag 20. august kl 16:00 lanserer vi 1. episode med fire episoder utover de neste åtte dagene. 

Trykk på linken under for å sjå episodane: 

 https://www.youtube.com/channel/UCASITyen1sGkIWwje26NNDw/videos