Byggeverkstad på naturmuseet

 
13/10, kl 12:00-16:00
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Vil du hjelpe fuglar, insekt og dyr gjennom vinteren?
Ved Naturmuseet i Sykkylven kan du kjøpe ein verkstadbillett og bygge ein ekornmatar, eit marihønehus eller ei fuglekasse. Heng resultatet opp heime, eller kanskje du kan gi det bort til nokon?

Sykkylven Energi har sponsa innkjøp av flotte byggesett frå Via Færder. Vi er svært takksame for at vi kan tilby verkstadbillett til så rimeleg.
 
Verkstadprisar:
  • Ekornmatar kr. 80
  • Marihønehus / fuglekasse kr. 60
 
Vi gler oss til ein super byggedag ved Sykkylven Naturmuseum!
 
Foto fuglekasser: Viti
Foto lauvsongar: Rob Zweers