Nitti år og heilt i hundre

I april fyller Sunnmøre Museum nitti år. Den nye museumsmeldinga peikar på vitskapleg og heilskapleg museumsdrift for dei neste femti. Kva skal vi med museum i eit moderne samfunn?

 

Det er lite mangel på informasjon og underhaldning i samfunnet i 2021. Frå sofaen heime kan vi konsumere nok for eit heilt liv. Skjermen i handa har vorte ein stad for å møtast, dele og å lære.

Der ein tidlegare måtte fysisk av stad for å få seg utdanning og kunnskap, er tilgangen no større enn nokon gong. Men kven skal sortere i informasjonsstraumen, sikre mangfald i ytringane, stille dei store spørsmåla og fortelje kvar vi kjem frå og kvifor vi er som vi er?

I den nye museumsmeldinga vert musea plasserte i ein danningskontekst – musea skal  leggje til rette for den store, dynamiske samtalen i samfunnet. Musea er ein demokratisk berebjelke, heiter det i innleiinga til Stortingsmelding nr 23.

Museumsvesenet på Sunnmøre har ei brokete historie og allereie i 1903 vart Aalesunds Museum skipa. Saka om bymuseet versus eit museum for bygdene vert godt skildra i boka som kom ut til femtiårsjubileet i 1981, og til jul i år kjem ein større artikkel av vår historikar Ivar Gunnar Braathen i Jul på Sunnmøre.

Museumssak vekte engasjement på heile Sunnmøre frå trettitalet og strekte seg over mange år. I Sunnmørsposten var spaltene fulle av kraftfulle ytringar;  både frå dei som ville bygge vidare på  Aalesunds Museum som eit breitt regionmuseum, og dei som ville skipe eit heilt nytt, sjølvstendig museum for Sunnmørs-bygdene.  «Museumsstriden», som han vart heitande, er rekna som den kvassaste kulturstriden på Sunnmøre i heile mellomkrigstida. Resultatet vart eit sjølvstendig museum: Skipinga av Sunnmøre Museum - og skipingsmøtet var halde 11. april 1931, i møtesalen til Sunnmørsposten.

Ungdomslaga var viktige pådrivarar i museumsarbeidet. Ørsta Ungdomslag var først ut til å løyve pengar til det nye museet og ei rekkje andre følgde etter.

Fem menn frå distriktet leia an i oppstarten av Sunnmøre Museum, mellom dei Rasmus Buset frå Vartdal, Olai Bjørlykke frå Syvde og stortingsmannen og diktaren Anders Vassbotn frå Volda. Dokumentasjon av livet på bygdene og livet ved havkanten var to sentrale emne i byrjinga. 28 mål vart avsett til museet ved Borgund kyrkje og dei fem reiste snart for å samle inn gjenstandar og hus til museet. Kommunane i distrikta rundt betalte 1, 5 øre per innbyggjar i tilskot og det var fleire lokale museumsnemnder ute i kommunane.  I løpet av trettitalet vart det flytta hus til Borgundgavlen og ein starta bygginga av eit brannsikkert magasin. Opningsdagen vart sett til 9. april 1940, men verdshistoria ville det annleis.  Magasinet vart opna først då freden var komen, i 1946 av kronprins Olav.

I løpet av nitti år har Sunnmøre Museum vakse seg til det største i fylket. Frivillige og private givarar har vore ein stor og viktig bidragsytar saman med dei fagleg tilsette i alle år, slik også i dag og vonleg i framtida.  Museet husar eit av Noregs største friluftsmuseum, med ei talrik samling med store og små gjenstandar som tilhøyrer fellesskapen: fallosstein frå Ørsta, fele frå Vassbotn i Volda, kyrkjebuder frå Stranda, bedehus frå Åkre, stabbur frå Hovdenakk i Ørsta, trerøring frå Ålesund, stolar frå Sykkylven, lefseoppskrifter frå Norddal, jordmorstetoskop frå Vanylven, middelaldersko frå Borgund, spydspissar frå Giske, bensinstasjon frå Ørsta, røykstove frå Skodje, barneseng frå Ulsteinvik, og prestekragen til Anders Hovden.

Museet har vore gøymestad for motstandsfolk under krigen, festdag for byens innbyggjarar på syttande mai, ein stad for rekreasjon og tur gjennom tre generasjonar, vertskap for bryllaup og fest, turistattraksjon for utlendingar, ein stad å få svar på spørsmål, ein stad for undring, oppleving, debatt og læring.  

Sunnmøre Museum er i dag ein del av den konsoliderte stiftinga Musea på Sunnmøre. Fagfellesskapen har fått ny kraft etter konsolideringa med Jugendstilsenteret og KUBE og Folkemusikkarkivet. Musea har i løpet av nitti år rekruttert stadig breiare og høgre fagkompetanse innan ei rekkje felt. I dag er Sunnmøre Museum hovudkontoret i stiftinga og ein viktig kompetansearbeidsplass i regionen. Musea på Sunnmøre er med sine fagavdelingar den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.

Samfunnsoppdraget til musea vert skjerpa i den nye stortingsmeldinga som vart lagt fram før påske. Sterkare fagleg autonomi, breiare samlingar, meir forsking, mindre overlappingar mellom lokale museum, større mangfald, krav til digitale museumsopplevingar, relevans for fleire målgrupper, formidling av immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap og ikkje minst: Styrke musea som møtestader. Med nye krav, kjem det likevel ikkje meir pengar. Det betyr at det skal gjerast gode prioriteringar i tida framfor oss no og naudsynte endringar for å nå målet om å tene demokratiet.

Den store festen vert til hausten. Då opnar nye Sunnmøre Museum etter ei av dei største oppgraderingane sidan skipinga i 1931. Oppgradert uteområde med betre universell tilkomst, ny kafé og butikk, og nye kontorplassar til dei tilsette. Vi håpar dette vil skape ein endå betre møteplass i vårt lokalsamfunn! Ei heilt ny basisutstilling er under arbeid – etter at den gamle Sunnmørsutstillinga vart pensjonert etter tretti år i teneste.  Vi gler oss til opninga!

Sunnmøre Museum er nitti år, men slett ingen olding. Museet er i ei stor endringsfase og støyper no framtidas museum. Vi tar fagleg sats mot framtida og ynskjer publikum og frivillige varmt velkomen til våre arenaer. Vi er og skal framleis vere ein identitetsberar, ein møteplass, eit kunnskapsnav og trygg forvaltar av vår felles kulturarv.  I minst nitti år til!

 

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Administrerande direktør i Musea på Sunnmøre

 

Foto: P.O. Dybvik
Foto: Sunnmøre Museum