Rekordbesøk for Musea i Sykkylven

Nordmenn strøymde til Musea på Sunnmøre koronasommaren 2020. Sommarens absolutte «vinnar» var Møbelmuseet og Sykkylven Naturmuseum. «Svært gledeleg at heimesommaren har bidratt til utforsking av kulturarven» seier administrerande direktør i Musea på Sunnmøre, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

 

Alle arena som var ope i sommar hadde fleire besøkande enn venta. Brorparten av publikummet var nordmenn på ferie i eige land og sunnmøringar på heimeferie.

«Tradisjonelt sett er sunnmøringane veldig flinke til å besøke musea sine. At så mange i tillegg tok med seg tilreisande familie og vener var ekstra hyggeleg å sjå» seier marknadssjef i Musea på Sunnmøre, Siw Solvang. «Vi var, som alle andre, spente på korleis denne sommaren kom til å sjå ut med tanke på besøkande og gjennomføring av aktivitetar tilpassa eit trygt smittevern. Konklusjonen er at vi er svært godt nøgde - med både besøkstal og tilbakemeldingar»

Museumsvinnaren var dei to musea i Sykkylven der særleg barnefamiliar og designinteresserte gjesta musea. Også til fyrmuseet i Dalsfjorden, Sivert Aarflot-museet og det nyinnkomne Anders Svor Museum tok sunnmøringane turen. På Sunnmøre Museum, som tradisjonelt sett har hatt ei overvekt av internasjonale gjestar, var det i år dei lokale som nytta museet sine formidlings- og aktivitetstilbod.

Overvekt av tilreisande på «bymusea»
I motsetnad til musea i regionen, har bymusea hatt ei overvekt av tilreisande frå andre delar av Noreg. «Både Jugendstilsenteret & KUBE, Aalesunds Museum og Fiskerimuseet har hatt ein vesentleg større del nasjonale gjestar på besøk. Dette speglar nok by-hotella sine gjestar vil eg tru» seier Solvang.

 Gode erfaringar
Ein skal ikkje sjå bort i frå at 2020 på mange måtar også blir «normalen» for 2021. «Denne sommaren har vi gjort oss gode erfaringar. Desse tek vi med oss inn i planlegginga av neste års tilbod til alle våre trufaste gjestar - og nye besøkande» avsluttar Rotevatn.