Musea på Sunnmøre deltek i internasjonal tv-produksjon

Serien Ultimate Viking kombinerer eventyr og opplevingar med levande historie og har premiere på amerikanske Smithsonian Channel i 2021. Musea på Sunnmøre er med i ein dokumentar som følgjer serien, i tillegg til sjølve serien. Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju vert programleiarar i serien. Filminga er allereie i gang for dokumentaren.

 

 

Serien har åtte episodar der kvar episode er forankra i historisk kunnskap om vikingtida, og tek sikte på å utforske korleis det var å leve som viking for 1000 år sidan.  Serieskaparane har jobba tett saman med museum, arkeologar og ekspertar både i Norge og Storbritannia, og det vert bygd ein eigen vikingboplass på norskekysten.

Musea på Sunnmøre har gitt fagleg bistand i førekant av produksjonen, og vil også vere sterkt involvert under sjølve produksjonen. Eitt av Musea på Sunnmøre sine flaggskip, Borgundknarren, får ei viktig rolle og fleire av dei tilsette vil bidra med sine fagkunnskapar i serien. «For oss ei dette ei unik mogelegheit til å vise fram kunnskapen vår om eldre maritim kystkultur for eit internasjonal publikum. Det vi leverer skal vere så autentisk som mogeleg», seier Ingvil E Grimstad, fagdirektør i Musea på Sunnmøre.

Museet har vore kjent med prosjektet allereie i to år, men det er først no dei har fått løyve til å gå ut med det. Sjølv om dette er ein internasjonal produksjon, er det nok av lokale krefter bak. Sylvia Strand frå Ulsteinvik og Llinos Griffin-Williams frå Wales har utvikla serien saman med Danny Fenton og Smithsonian Channel. «Vi er svært takknemlege for all ekspertisa Musea på Sunnmøre har bidrege med dei to siste åra», seier Sylvia Strand.

Dei tre produksjonsselskapa er Tindefilm, med Hilde Nerland frå Molde og Tor Sivertstøl frå Sande som medeigarar, og Wildflame og ZigZag frå Storbritania. Kringkastar av serien er amerikanske Smithsonian Channel owned by Viacom CBS.

Opplevingar basert på historiske fakta
- Vi er svært glade for å vere programleiarar for denne opplevingsserien med historie og eventyr, i vårt vakre land, seier, Gry Molvær Hivju og Kristofer Hivju, som også er medstiftarar i Tindefilm. Dei er stolte over å vise fram fjordane, havet og dei ville fjella som også våre forfedre fekk oppleve.

- For oss handlar denne serien om ei ekte ekstrem oppleving basert på vikingsamfunnet, filma i hjartet av der vikingane kom frå. Det kjem til å bli spennande, ambisiøst og basert på historiske fakta, seier dei.