No havnar Aslaug (90) på museum!

Nitti år gamle Aslaug  Bjørnsund Hollingsæter vart den første i Ålesund som er fullvaksinert mot Covid19 . No havnar den historiske vaksinen på museum.

 

Musea på Sunnmøre var til stades for å dokumentere at nitti år gamle Aslaug Bjørsund Hollingsætser vart den første personen si Ålesund kommune som vart fullvaksinert mot covid19-viruset. Det krevst to doser for at vaksinasjonen er ferdig. Denne sprøyta som vart sett i armen til Hollingsæter havnar no i Musea på Sunnmøre sine samlingar. "Vi var til stades under vaksinasjonen og fekk med oss kanylen og hetteglaset" fortel konservator Line Iversen i Musea på Sunnmøre.

Iversen har ansvaret for å vare på vaksinasjonsutstyret og samle inn dokumentasjon. Hollingsæter bur på Åse Helsehus og vart ferdigvaksinert 26. januar 2021. Vaksineutstyret vart sikra, skal så til registrering og oppbevaring i museumsmagasinet for framtida. Det var sjukepleiar Marlete Ask som sette vaksinen, under oppsyn av avdelingsleiar Beathe Iversen. "Koronapandemien pregar vår samtid, forandrar vår framtid og må dokumenterast for ettertida" seier administrerande direktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, som også var til stades på vaksineringa.

Innsamling av gjenstander som endra Noreg under pandemien har dermed ei historisk interesse. Registrering med foto av vaksinasjonsutstyret skal tilgjengeleggjerast umiddelbart for publikum på nettstaden Digitalt Museum og Musea på Sunnmøre sine digitale kanalar. Utstyret er ein viktig dokumentasjon for framtida. Det synest Aslaug er stas. "Eg trur Noreg slår ned viruset. Eg deltar i dugnaden" seier Aslaug Bjørnsund Hollingsæher.

Ho synest mykje har gått som normalt på Åse helsehus, med unntak av at det er strenge restirksjonar for besøk. "Det er trasig å ikkje kunne ha besøk av min store familie, barn og barnebarn. Særleg saknar eg oldebarna"

 Aslaug hadde ingen biverknader etter første dose. Ho var tidleg klar på at ho skulle ta vaksinen, då den kom til Ålesund. "Eg bestemte meg for å ta den med ein gong. Det var ein diskusjon ved spisebordet her på helseheimen, men for meg var det eit enkelt val". No er Aslaug Bjørnsund Hollingsæter den første ferdigvaksinerte innbyggaren i Ålesund kommune. "No gler eg meg til å klemme oldebarna!"

 

 

Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn / Musea på Sunnmøre