Ekstra koronamidlar til Musea på Sunnmøre

Over ein million koronakroner vert tildelt Musea på Sunnmøre. «Dette var ei svært gledeleg melding å få på ein laurdags formiddag» smiler Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Musea på Sunnmøre.

 

«Etter månadar med tapte billettinntekter set vi stor pris på den ekstra støtta som regjeringa no legg inn statsbudsjettet» seier Rotevatn.

Kulturminister Abid Raja (V) la fram i dag  nyheita om krisestøtte til store kulturinstitusjonar rundt om i landet. Musea på Sunnmøre fekk overrekt den gode nyheita frå Ålesund Venstre om koronatilskotet på i overkant ein million kroner.

«For born og unge er det særleg viktig å behalde eit kulturtilbod i denne unntakstilstanden. Våre dyktige tilsette har lagt ned eit stort arbeid for å oppretthalde eit tilbod til born og unge med forsvarleg smitteverntiltak. Vi er veldig glad for at regjeringa legg merke til og støttar opp om dette arbeidet» avsluttar Rotevatn.

 

 

 

 

Foto: Siw Solvang / Musea på Sunnmøre.

BildetekstI sommar fekk Musea på Sunnmøre besøk av kulturminister Abid Raja og venstres Pål Farstad. Her på Sunnmøre Museum.