Kulturminister Abid Raja tok søndagsturen til Sunnmøre Museum

Sunnmøre Museum fekk gledeleg besøk av kulturminister Abid Raja og hans familie. Med seg hadde han også venstrepolitikar Pål Farstad.

 

Det var ein entusiastisk og interessert  statsråd som fekk høyre om kaupstaden Borgund, om den sunnmørske kulturhistoria og sjølvsagt,  ta i augesyn  både vikingskipet Kvalsund og handelsskipet Borgundknarren. For den  yngre garde i følget var nok det å skyte med pil og boge som fanga interessa mest.

«Vi er svært glade for å ta i mot statsråden med følgje og familie og set pris på engasjementet og den levande interessa for vår kulturarv» seier administrerande direktør for Musea på Sunnmøre, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Statsråden fekk orientering om fusjonen , den nye organisasjonen Musea på Sunnmøre og planane for vidareutvikling.

«Musea på Sunnmøre er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er i ferd med å endre seg for framtida, med auka profesjonalisering. Dette viste statsråden stor interesse for» seier Rotevatn.

Raja fekk vidare omvising på Middelaldermuseet, i Skodjestova og båthallen, før dei åt lunsj saman med leiinga på museet i kafeen. Særleg var dei ferske svelene populære.

«Familien likte svelene så godt at dei er inviterte attende på svelekurs» smiler Rotevatn.