Kven eig kulturarven?

Eit segl vert heist på ein snidbetning på Viddal i Hjørundfjorden. Fjorden vert også kalla Kufjorden, men kvifor vert den det? Og kvifor er borda på skrå i denne båten, slik er det ikkje med andre båtar. Kvifor er det slik? Og kvifor er seglet asymmetrisk og kvifor heng det ein båt på naustveggen?

 

Å løfte fram vår felles historie og arv skaper kjensler. Kva slags historie skal forteljast, prioriterast? Kva er verdt å ta vare på, kva er ikkje? Kva slags verdi har gjenstandane og immatriell historie og kven eig den avgjerda?

I kjølvatnet av gjennomføringa av offentlege styresmakter sin vedtekne museumspolitikk, har det i sommar vore spreidde forsøk på å redusere musea si samfunnsrolle og heilskapleg ivaretaking av den sunnmørske kulturarven. Det er ein uheldig veg.

Musea sitt samfunnsoppdrag
Musea på Sunnmøre har i dag eit heilskapleg ansvar og som viktigaste samfunnsoppdrag å løfte fram, dokumentere, fortelje, forske på, arkivere, verne om og formidle vår kulturhistorie på Sunnmøre. I tillegg har Musea på Sunnmøre eit nasjonalt og internasjonalt ansvar for fyrhistoria langs kysten vår, jugendstilen og som sjølvstendig kunstmuseum.

Største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim
Musea på Sunnmøre er største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Vi har 63 tilsette og 18 arenaer i 14 kommunar. Mange ungdomar arbeider deltid i sesong og helgar – i 2019 hadde vi 135 personar på lønningslista. Vi har kontor og faste arbeidsplassar i Volda, Vestnes, Sykkylven, og tre stader i Ålesund kommune. Spørsmålet om konsolidering og fusjon mellom ei rekkje stiftingar, eigarstyre, vennelag og kommunar handlar dermed også om kunnskapsarbeidsplassar og ikkje minst kvinnearbeidsplassar i distriktet.
Den sunnmørske kulturarven bryr seg lite om dagens kommunegrenser. Kulturarven er vår felles arv, og nettopp difor er driftinga og utviklinga av denne eit spleiselag som krev fagleg og profesjonell forvaltning.

Moderne museumsdrift
Det er lett og enkelt å redusere musea sitt samfunnsoppdrag til fysiske museumsbygg med inngangsbillett åleine. Moderne museumsdrift er meir. Vi skal bere vidare kunnskap som elles ville ha vore gløymt for alltid. Difor må vi sjå vidare enn kommunegrenser når oppdraget vårt er å femne heile Sunnmøre og samstundes formidle motsetnadsforholdet mellom by og land. Eit større oversyn gjev større og fleire perspektiv. Historia om fyrbyggjarane frå Dalsfjorden er meningslaus utan den nasjonale og internasjonale konteksten som fyrbyggjarane stod i.  

Profesjonalisering i alle ledd
Musea har dei siste 100 åra utvikla seg frå å vere lokale museumssamlingar laga av frivillige, til å bli profesjonelle institusjonar med fagfolk i alle ledd.  Handverkarar, konservatorar, gjenstandsansvarlege, fotografar, kulturhistorikarar, kunsthistorikarar, pedagogar, for å nemne noko.
I 2019 hadde Musea på Sunnmøre 160 000 besøkande på arenaer og arrangement. I koronaåret 2020 har nordmenn og lokale innbyggjarar stått i kø på våre arenaer og arrangement, langt over det som var venta.
Det er eit omfattande arbeid som skjer i museet. Etter mange års profesjonalisering har musea blitt godt rusta for å ta ansvar for at kulturarven vert sikra og formidla og vi er ikkje i mål. Dette inneber målretta innsamlingsstrategiar som skal sikre mangfald i innsamling og formidling. Det inneber å ha eigna lokale for at ikkje gjenstandar skal bli øydelagde av skadedyr, skadeleg miljø og tjuveri. Det inneber innsamling og forsking på gjenstandane si betydning og historie. Når gjenstandar eller bygningar treng istandsetjing eller restaurering har museet handverkarar og konservatorar som veit å gjere det på rett måte. Musea på Sunnmøre forvaltar i dag ei av landet største samlingar av antikvariske bygg.
Det museale arbeidet inneber formidling og tilgjengeleggering i vid forstand; i utstillingar der gjenstandar og historier vert formidla for eit breitt publikum inkludert digitalisere det som før låg innelåst.

Forsking og formidling
Musea er med i fleire forskingsprosjekt der den lokale kulturarven på Sunnmøre vert løfta inn i nasjonale og internasjonale samanhengar, som til dømes forsking på losvesenet og middelalderbyen Borgundkaupangen. Vi skriv artiklar for årbøker, bøker og tidsskrift, held foredrag og underviser, og slik dokumenterer vi arven og gir den eit avtrykk for ettertida.   

Museet lagar formidlingsopplegg  for born og unge, på heile Sunnmøre. Opplegga famnar breitt; bygge snidbetning frå grunnen av på Viddal, gravlegge ei vikingkvinne, segle i Flåværleida, skrubbe dekk på bankskøyta eller designe eit møbel.

Museet har også ei rekkje opne arrangement der publikum møter kultur og kunst, ofte også saman med lokale aktørar. Bybrannen, folkedans, folkemusikk, kunstformidling, historieforteljing og teater samarbeid med lokale arrangement og arrangørar som båtfestivalar, sentrumsforeiningar, frivilligsentralar. 

Å sikre heile kulturarven
Samfunnsoppdraga til Musea på Sunnmøre er å sikre at heile kulturarven; altså gjenstandar, bygningar, båtar, og det immaterielle, ikkje skal gå tapt for framtidige generasjonar. Kunnskap om fortida, pregar forståinga vår for notida og påverkar val vi gjer for framtida. Kven skal samle desse trådane om Sunnmøre, om ikkje vi gjer det?

Kulturarven kan ha gode kår også utanfor musea. Oppgåvene er mange, kostnadane store, og museum som vel å stå åleine vil få store utfordringar med å gjere det arbeidet som krevst av eit moderne museum.

Gjennom demokratiske prosessar har våre folkevalde på Storting og i fylket vedteke at det er ein føresetnad med konsolideringar og fusjonar, for at fellesskapen skal ta brorparten av rekninga. Dersom kommunane og dei lokale eigarstyra meiner at dei er rusta, fagleg og økonomisk, og betre kan løyse desse oppgåvene åleine og utanfor fellesskapen og spleiselaget, kan kommunane sjølvsagt gjere det. Vi er uroa over denne utviklinga og for heilskapen. Om nokre av stiftingane vil stå åleine vil dette få konsekvensar for den store forteljinga om Sunnmøre. Utviklinga som vi ser konturane av, tappar i tillegg den største kulturinstitusjonen på Nordvestlandet.

Den viktige forteljinga
Lite visste fiskarbonden i snidbetningen at det som for han var ein kvardagsfarkost i livet, skulle bli ein del av forteljinga om kven vi er,  korleis vi levde og kva som har forma oss som folk. Fiskarbonden på Viddal sigla til Borgund for å fiske torsk, rodde kyrne over fjorden på beite, slo beitemarka med stuttorv og rodde det våte  graset attende til Viddal for å tørke det i dei solrike bakkane. Fiskarbonden på Viddal gjekk ut or tida, og sønene hans tok på seg søndagskleda, løfte kroppen hans i snibetningen, sigla inn fjorden i og gravla fiskarbonden på Sæbø. Snidbetningen har vi framleis, og forteljinga om båten og mennesket held vi levande. Slik inngår eit lite liv i ein liten fjord i eit lite land i ei forteljing som er større enn oss alle.

 

Av: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Musea på Sunnmøre

Publisert i Sunnmørsposten 29.8.2020

 

 

Foto: Musea på Sunnmøre