Musea på Sunnmøre stenger

Som følgje av lokal foreskrift i Ålesund kommune stenger Musea på Sunnmøre publikumsarenaer i Ålesund kommune med verknad frå måndag 22. mars. Dette betyr at Middelaldermuseet, Jugendstilsenteret og KUBE vert stengt for publikum. Dei planlagde turane med Storeggen av Aalesund til Borgundfjordfiske vert avlyst.

 

- Vi er svært lei oss for å måtte stenge museet. Fredag opna vi utstillinga «Er jegmenneske for deg» og det var kø utanfor utstillingslokalet, seier administrerande direktør i Musea på Sunnmøre, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. KUBE hadde lagt opp til strenge smitteverntiltak, og hadde sett fram til ei påske med mykje besøk, men no vert dørene latne att.  

Utstillinga på KUBE skal stå til oktober, og Musea håpar at publikum finn vegen når restriksjonane vert oppheva. 

Middelaldermuseet skulle ha besøk av sjette trinn frå Ålesund kommune komande veke. Også dette vert avlyst. Det same gjeld dei planlagde turane med Storeggen av Aalesund, til Borgundfjordfisket. Dei som har kjøpt billettar, vil få dei refunderte.  - Vi opplever at små og store er svoltne på kulturopplevingar, etter eit år med strenge restriksjonar. Liv og helse kjem alltid først. Vi er klare til å ta i mot publikum når dette er over, legg Rotevatn til. 

Byggearbeidet ved Sunnmøre Museum held fram etter planen og Sunnmøre Museum er stengt for ombygging til oktober.  

 
Tilsette ved Musea har heimekontor frå måndag der det er mogleg. 

 

 

Foto bankskøyta: Vasco Pinhol
Foto Middelaldermuseet: Siw Solvang / Musea på Sunnmøre