Museumspedagog vikariat

Vi har no eit ledig vikariat som museumspedagog med kompetanse i digital formidling . Ein av våre formidlarar skal ut i foreldrepermisjon, og vi søker etter ein allsidig og sjølvstendig museumspedagog. Vikariatet er ei 100 % stilling for 6 månader i perioden frå 01. august til og med 28.februar 2022, men med moglegheiter for forlenging.

 

 

 Dette er ei allsidig og sjølvstendig stilling der dei  viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere knytt til formidling og tilrettelegging for formidling ved dei kulturhistoriske museumsarenaene i Ålesund kommune.  

Oppgåvene inneber både teoretisk og praktisk arbeid, som til dømes formidling ute for elevar i skulen og formidling på digitale flater og sosiale medium med tekst og bilete. Pedagogen er involvert i forminga av musea sine planar, og skal vere med på å utvikle og gjennomføre formidling for eit breitt publikum.  

Musea på Sunnmøre driv formidlingsverksemd på heile Sunnmøre, og formidlarane blir ein del av fellesskapen i Musea på Sunnmøre. Kontorstad er for tida i Ålesund, men ein må også  delta i formidling utanfor arena, for Den Kulturelle Skulesekken og ved andre av våre arenaer på Sunnmøre.   

 Krav til stillinga 

 1. Master i museumsrelevante fag. God og relevant røynsle frå museum, teater, lokalhistorie eller anna verksemd av kulturhistorisk karakter kan likevel kompensere for kravet til masterutdanning. 

 2. Førarkort klasse B og kan disponere eigen bil. 

 3. Gode skriftlege og munnlege formidlingseigenskapar i norsk, nynorsk og engelsk. 

 4. God digital kompetanse 

  

Av personlege eigenskapar ynskjer vi deg som har   

 1. Stort samfunnsengasjement 

 2. Gode samarbeidsevner 

 3. Stor gjennomføringsevne 

 4. Praktisk røynsle med formidling på arenaer og digitale flater for ulike målgrupper. 

 5. Er ryddig og etterretteleg 

 6. Er sjølvstendig, fleksibel, ansvarsbevisst og serviceinnstilt 

 7. Gode kommunikasjonsevner 

  

Personlege eigenskapar og erfaring frå tilsvarande stilling blir vektlagt. 

  

Vi kan tilby 

  1. ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø 
  2. løn i SK 1435 (Rådgivar) eller SK 1408 ( Førstekonsulent) med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ  ( mellom LT  48  og LT  63, kr 435 100 -563 700 ) ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring. 
  3. fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa. 

  

Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. 

  

Søknadsfrist: 16. Mai  

Send en kortfatta søknad med CV, vitnemål og attester til postmottak@mupsu.no  

Merk søknaden Vikariat museumspedagog Kulturhistorisk avdeling Mupsu. 

Tilsetting:  

  

Nærare opplysningar om stillingane ved fagdirektør Kulturhistorisk avdeling Ingvil Grimstad, tlf 917 69 356 eller mail ingvil@mupsu.no   

   

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. 

 

Musea på Sunnmøre er ein profesjonell vitskapleg institusjon med 63 tilsette (43 årsverk) og mange frivillige. Museet er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og kunsthistorisk avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta, samt Vestnes. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og et folkemusikkarkiv. Musea på Sunnmøre er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.