Notesamling endeleg på nett

I høve 30-årsjubileet slepp Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal delar av notesamlinga si på internett.

 

Materialet vert tilgjengeleg gjennom nettsida til KulturNett.

“Dette har vi jobba mot i fleire år, og no har vi den store gleda av å gjere delar av notesamlingane våre tilgjengeleg for alle. Folkemusikken og folkedansen skal vere levande og då må folk ha tilgang til det vi har i arkivet» seier Anna Liv Skjelten Gjendem, konservator ved Musea på Sunnmøre.

Til no er det lagt ut nærare 8000 ark på nettsida. Fylkessenteret for digitalisering av kulturarv  og interkommunalt arkiv Møre og Romsdal har stått for digitaliseringa, medan Folkemusikkarkivet har registrert notane. Her finn du notesamlingar etter spelemenn som Ola Linge, Ole Gussiås, John Røen og Petter Berli. I tillegg til notehefter og medlemsbladet for Møre og Romsdal Folkemusikklag. Arbeidet er ikkje heilt ferdig og det vil bli fylt på med fleire notesamlingar i tida framover. Det er berre å gle seg.

 

Foto: Fylkesbiblioteket. Frå venstre: Geir Håvard Ellingseter, leiar IKAMR, Anna Gjendem, Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, Heidi-Iren Wedlog Olsen, Kulturdirektør Møre og Romsdal fylke, Ottar A.B Anderson, SEDAK og Jan Aakvik, KulturNett. (Heidi Drageseth, Fylkesbiblioteket var ikkje til stades ved fotografering).

 

 Om Folkemusikkarkivet:

Sidan 1990 har Folkemusikkarkivet samla notemateriale etter nolevande og tidlegare utøvarar; notesamlingar frå enkeltpersonar og spelemannslag. Notar som utøvarar sjølv har komponert, men òg notar som viser repertoaret frå perioden utøvaren var aktiv. Mykje av materialet hos folkemusikkarkivet er kopiert frå originalar lånt frå utøvarar, men òg nokre originalar.er å finne i samlinga. 

Tidlegare i år har Folkemusikkarkivet markert 30-årsjubileet med konserten «Til glede og gavn», som var avslutningskonsert for ungdomsprosjektet «Raudan Gull», der 45 ungdommar frå heile fylket formidla folkemusikk og folkedans frå Fjord kommune.