Ny tilsett i Musea på Sunnmøre

Musea på Sunnmøre styrkar administrasjonsavdelinga og har tilsett Anja Iren Tuvik Rødset som rådgjevar med ansvar for administrativt arkiv og dokumentbehandling.

 

Rødset blir ein viktig bidragsytar innan personalforvaltinga, og skal arbeide både operativt og bidra i strategiske utviklingsprosessar der kompetanseutvikling, HMS, personal- og lønspolitikk står sentralt.

Rødset kjem frå stillinga som marknads- og rekrutteringsansvarleg i transportselskapet Hauer AS.