Styrking av formidlarstaben

Musea på Sunnmøre har tilsett Lisa Alvestad frå Lepsøya og Ane Havnegjerde frå Sula som nye museumsformidlarar. Dei vil ha arbeidsstad ved musea i Ålesund, men kjem til å jobbe med formidlingsprosjekt på heile Sunnmøre.

 

Det var 46 søkarar til dei to stillingane, og mange var svært godt kvalifiserte. – Museet har store oppgåver føre seg, og vi er utruleg glade for å ha fått Lisa Alvestad og Ane Havnegjerde med på laget, seier fagdirektør Ingvil E Grimstad.

Alvestad har mellom anna utdanning innan mellomalderhistorie og  har vore biblioteksjef i gamle Haram kommune. Det er spennande å få inn nokon med erfaring frå biblioteksektoren. Det har skjedd ei stor utvikling i biblioteka i det siste, særleg mot publikum. Lisa er også lokalhistorisk interessert, og Musea på Sunnmøre ser fram til å styrke kontakten til nordre delen av Ålesund kommune.  

Havnegjerde er allereie godt kjent med musea då ho har vikariert i ei formidlingsstilling ved Aalesunds museum og Fiskerimuseet.  Ho har særleg jobba med formidling av bankskøyta Storeggen og hatt ansvar for mange og store formidlingsopplegg for fleire målgrupper. Sist var ho ein av museet sine to lefsebakarane i sukseen digital lefsebaking .      

Begge formidlarane startar i jobbane sine rett over nyttår, og skal vere med på å legge strategien for det nye regionmuseet.

 

Bildetekstar:

Lisa Alvestad fotografert i Hellevika på Lepsøya. Foto: Privat

Ane Havnegjerde formidlar på fiskerimuseet. Foto: Musea på Sunnmøre