Siste førjulstid med dei gamle utstillingane på Sunnmøre Museum

Rett over nyttår startar Musea på Sunnmøre ei omfattande ombygging i Borgundgavlen. Då startar også arbeidet med å lage ny basisutstilling om Sunnmøre. Den nye utstillinga skal opnast i 2022. Museet inviterer publikum til å besøke dei gamle utstillingane no før jul.

 

Arbeidet med å ta ned dei gamle utstillingane er allereie i gang. Utstillinga Handverk har vist verkty og handverk frå 1800 – og utover 1900 – talet. Her er verkstadane til børsemakaren, bokbindaren og sølvsmeden. Den gong hadde fleire handverk som attåtnæring til jordbruk og fiske, medan andre etablerte seg i handelssenteret Ålesund.

Utstillinga Bønder i Byen viser korleis Ålesund trakk til seg, og var heilt avhengig av, folk og varer frå distrikta. I Ålesund fann bygdeungdom, arbeidsfolk og fintfolk sine møtestader for prat, mat og samkjensle. I utstillinga Spor møter vi dei som levde her i tusenåra før oss. Fleire funn av reiskap, smykker og våpen fortel om arbeid, handelskontaktar og utvikling. 

Førjulstid på Sunnmøre Museum
Sjølv om koronaen har sett stoppar for den tradisjonsrike førjulssøndagen i Borgundgavlen, vil vi svært gjerne ha besøk av både små og store. Vi held ope fram til søndag 20. desember. Deretter blir Sunnmøre Museum stengt grunna ombygging, fram til oktober 2021. 

Omfattande magasinering
Alle gjenstandar i dei gamle utstillingane må digitaliserast og magasinerast. Det er ikkje bestemt kva gjenstandar som skal vere med i den nye utstillinga, men alle blir å sjå i digitaltmuseum.no. - Ei ny utstilling gir oss moglegheit for å vise fram noko av det flotte og spennande vi har i samlingane våre. Det er krevjande å vise skjøre tekstilar og verdifulle uerstattelege gjenstandar. Ei ny utstilling vil ha sikringsforhold som gjer dette mogeleg, seier tekstilkonservator Line Iversen.

Ny utstilling om Sunmøre i 2022
Den nye utstillinga skal sjå Sunnmøre med nye auge. - Vi ønsker å engasjere, og ta opp saker som er aktuelle. Det blir særleg viktig å få inn dei unge stemmene, seier Cecilie Rørstad som er prosjektleiar for den nye utstillinga.