Grønt lys for ombygging på Sunnmøre Museum

Musea på Sunnmøre har fått godkjenning til ombygging av eksisterande administrasjons- og publikumsbygg på Sunnmøre Museum i Borgundgavlen.

 

«Dette har vore ein lang prosess – og i dag  kom det etterlengta tilsegnet frå Plan og bygning i Ålesund kommune» seier marknadssjef og leiar for prosjektet, Siw Solvang.

Sunnmøre Museum i Borgundgavlen har om lag 70 000 besøkande gjennom året, og er ein svært viktig kulturell møtestad, både lokalt og regionalt. Driftsbygningane tilfredsstiller ikkje dagens behov for verken publikumstilkomst eller kontor for dei tilsette. Vidare er ikkje driftsbygningane tilrettelagt for å møte dei forventningane til moderne og publikumsvennlege lokalitetar som «Regional delplan for musea i Møre og Romsdal» legg opp til.

Ombygginga skal mellom anna gi betre tilkomst til museet sine gjestar, med felles inngang for resepsjon og museumskafé. I tillegg frigjer ein etterlengta areal for nye utstillingar og formidling.

«At vi no har fått grønt lys for ombygginga gjer at vi kan gå vidare med planlegging av detaljane knytt til prosjektet. Vi ser fram til det vidare arbeidet – og ikkje minst til dagen der vi kan ønskje publikum velkommen til eit forbetra og tilrettelagt publikumsbygg» avsluttar Solvang.