Pilegrimstur frå Ålesund sentrum til Middelaldermuseet

Ta den flotte turen frå Hurtigbåtkaia, opp trappene til Fjellstua, over Aksla og vidare ned til nøkkelstadane Middelaldermuseet og Borgund kyrkje.

 

Merking av kystpilegrimsleia ferdigstillast no frå Hurtigbåtkaia til nøkkelstadane Middelaldermuseet og Borgund kyrkje. Eit samarbeid mellom Ålesund kommune - kultursupport, Borgund menighet, Sunnmøre Museum og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre gjer at pilegrimen no kan følgje godt merka rås i vår kommune på si vandring frå Egersund til Trondheim. Merkeprosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune. Eiger og driftar av merkinga er Borgund menighet.