Marthe vann Relling-prisen

I år er det 100 år sidan møbeldesignaren Ingmar Relling vart fødd. Møbelmuseet i Sykkylven tok initiativ til å markere dette jubileet med fleire arrangement gjennom året. Eit av høgdepunkta var designkonkurransen om Relling-prisen.

 

Alle landets designstudentar, og yngre, nyutdanna designarar, vart inviterte til å vere med i konkurransen som gjekk ut på å teikne eit møbel for heimen. I konkurransekritieria var det lagt inn føringar som var knytte til sentrale tema for Relling: bærekraft, industrivennleg form, innovasjon, material- og transportøkonomi, internasjonal appell.

Ein jury på fem fagfolk vurderte dei innkomne 11 forslaga, og kom til at det var bergensstudenten Marthe Bull Pettersen som hadde laga det beste forslaget. Ho hadde teikna eit modulbasert hyllesystem, som ho kalla Margin. Systemet er enkelt å setje saman og å kombinere til dei løysingane som brukarane finn mest tenleg.

Marthe vann konkurransen med god margin, og var nyleg i Sykkylven og tok i mot prisen som vart delt ut under Rellingseminaret. Til stades på seminaret var fleire av landets største møbelprodusentar, og det kom mange godord om hyllesystemet til Marthe. Kanskje finn vi om ei tid igjen produktet i landets møbelforretningar?

 

Bildetekst: Marthe Bull Pettersen, nr to frå høgre saman med medlemer i Relling-familien under Relling-seminaret i Sykkylven. Frå venstre Lilly Kathrin Relling (barnebarn til Ingmar Relling), Hanna Relling Berg (dotter til Relling), Knut Relling (son til Relling). Til høgre vinnar av tredjeprisen i konkurransen, Ingrid-Charlotte Gjørsvik. (Foto: Eldar Høidal.)