Musea signerer samarbeidsavtale med nye Ålesund kommune

Ålesund kommune og Musea på Sunnmøre har skrive under ein fireårig samarbeidsavtale. "Gjennom samarbeidet sikrar vi god forvaltning og formidling av vår felles kulturarv", seier ein samstemt ordførar Eva Vinje Aurdal og styreleiar Jon Aasen.

 

Musea på Sunnmøre er den største kulturinstitusjon mellom Bergen og Trondheim, og har hovudkontor i Ålesund. No har musea signert ein ny samarbeidsavtale med Ålesund kommune om fagleg og profesjonell museumsdrift for dei fire komande åra.

"Musea på Sunnmøre med sin fagkompetanse er den beste garantien for å sikre at kulturarven vår vert ivareteken på best mogleg måte", seier ordførar Eva Vinje Aurdal. 

Musea på Sunnmøre driftar i dag 18 arenaer over heile Sunnmøre, og forskar, dokumenterer og formidlar vår felles historie og kunst i notid og framtid. Museet er ein viktig kompetansearbeidsplass med mellom anna konservatorar, arkeologar, pedagogar og kulturhistorikarar og har 63 tilsette . Det er også knytt ei rekkje frivillige lag til museumsarbeidet.  I eit normalår har Musea på Sunnmøre 160 000 besøkande.

"Museumsdrift er eit spleiselag mellom staten, fylket og kommunen. Ålesund kommune er storebror blant kommunane, og med si store geografiske utstrekning, skal vi vere tilstades med museumsarbeid også utanfor dei stadbundne arenaene", seier styreleiar Jon Aasen.

Bankskøyta «Storeggen» har til dømes no vore på tokt til barneskular på Nordøyane, der Musea på Sunnmøre formidlar kyst- og fiskerihistorie.  "Musea er ein viktig støttespelar for undervisninga i skulen. Ved å oppleve kulturarven, til dømes ved å gå om bord i kulturhistoriske båtar slik vi no har gjort på Nordøyane, vert undervisninga konkret og full av opplevingar", seier kultursjef i Ålesund kommune, Oskar Skulstad.  

Utviklinga av kunstfeltet er også eit av satsingsområda for Musea på Sunnmøre.  
"Vi ynskjer å vere ein arena som utfordrar publikum og set i gang refleksjon. Det er spennande  kunstfagleg arbeid på gang på KUBE som vi håpar treff eit breitt publikum", seier administrerande direktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

"Kulturarven og kunsten er noko vi tek vare på for framtida. Ikkje minst er formidling av vår   identitet - kven vi er og kva som har forma oss, viktig for born og unge", avsluttar Rotevatn.