Stilling ledig

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som rådgjevar ved Musea på Sunnmøre, administrasjonsavdelinga.

 

Administrasjonsavdelinga har oppgåver knytt til arbeid med økonomi- og personalforvaltning, kommunikasjon, arkiv, kontordrift samt resepsjonstenester og drift av museumsbutikk/kafé.

Den ledige rådgjevarstillinga har ansvar for administrativt arkiv og dokumentbehandling. Rådgjevaren er og ein viktig bidragsytar innan personalforvaltinga, og skal arbeide både operativt og bidra i strategiske utviklingsprosessar der kompetanseutvikling, HMS, personal- og lønspolitikk står sentralt. Stillinga rapporterer til administrasjonssjef.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Drifte og vedlikehalde systema for arkiv og dokumentbehandling
  • Utarbeide, vedlikehalde og oppdatere HR-relaterte rutinar og reglement, samt ivareta prosesser knytt til arbeidsmiljø og HMS-arbeid.
  • Leiarstøtte og rådgiving /bistand knytt til arbeidsrett (arbeidsmiljøloven) og forvaltningsrett og anna avtaleverk
  • Operative oppgåver knytt til blant annet tilsettingar, permisjonar og oppfølging av sjukefråvær
  • Utforming og oppfølging av interne rutine og retningslinjer på arbeidsområde


Vi søker deg som har

  • Relevant høgare utdanning og/eller relevant praksis for arbeidsoppgåvene
  • Kunnskap om og erfaring med forvalting av sentrale lovverk
  • Kunnskap om og erfaring med system som Public 360, Visma Dokumentsenter, eller tilsvarande samt Office-pakka, særskilt Excel rekneark.
  • Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy


Av personlege eigenskapar ønskjer vi oss deg som

  • Er løysingsorientert og nøyaktig
  • Er positiv og samarbeider godt med andre
  • Arbeider strukturert og har evne til omstilling
  • Har høg systemforståing
  • Er serviceinnstilt og ønskjer å yte det «lille» ekstra og ta initiativ

Vi nyttar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast.

Personlege eigenskapar og erfaring  blir vektlagt.

 

Vi kan tilby

  • Ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
  • Løn i SK 1435 (Rådgivar) eller SK 1408 (Førstekonsulent) med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ (mellom LT  48  og LT  63, kr 435 100 -563 700) ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
  • Fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

 

Dei første 6 månadane er prøvetid. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Det må påreknast noko reising mellom kontorstadane i organisasjonen.



Arbeidsstad: 
Ålesund

Søknadsfrist: 6. desember 2020
Send ein kortfatta søknad med CV, vitnemål og attestar til postmottak@mupsu.no
Merk søknaden Rådgjevar Administrasjonsavdelinga Mupsu

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer referansar.


Tilsetting:
Snarast




Nærare opplysningar om stillinga ved administrasjonssjef Christel Martinussen
tlf 48 28 81 24  eller e-post christel@mupsu.no 

 

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

 

 

Musea på Sunnmøre er ein profesjonell vitskapleg institusjon med 63 tilsette (43 årsverk) og mange frivillige. Museet er organisert i 4 avdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning, kunsthistorisk avdeling og avdeling for administrasjon. Administrasjonen ligg i Ålesund, i tillegg har vi tilsette i Sykkylven, Volda, Ørsta og Vestnes. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og et folkemusikkarkiv.