Fekk stønad til ungdomsturar!

Med stønad frå «Magne Haugens minnefond» kan Musea på Sunnmøre tilby ungdommar i Ørsta og Volda aktivitetar med bankskøyta «Storeggen av Ålesund». «Her vert det vind i håret og rev i segla» seier ein glad Cecilie Rørstad,  formidlar og prosjektleiar i Musea på Sunnmøre.

 

«Dette er kjempespanande! Vi er svært takksame for denne moglegheita som støtta frå Magne Haugens minnefond gir oss» seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Musea på Sunnmøre. «Det å vere om bord i bankskøyta, oppleve stemninga og ta del i historia om ferdsle heilt ut på eggakanten og dei eventyrlege fangstane, kan vere med på å vise moglegheiter og innblikk i eit liv som er ukjent for mange i dag».

Gjennom å ta del i varierte, sjøbaserte opplevingar - med og rundt bankskøyta «Storeggen av Ålesund», skal ungdomane oppleve meistring, og få høve til å bruke sjøen og fjorden som ein del av nærnaturen på heimstaden sin. Tilbodet er eit samarbeid med Kaihuset i Ørsta og ungdomsklubben i Volda.

Tidlegare var fjorden den viktigaste ferdselsåra og det som batt bygdene saman. Framleis foregår mykje av varetransporten over sjøen og det å ferdast på sjø i båt gjev eit anna bilde av bygdene våre enn det vi opplever i det daglege.

 «Målet til Musea på Sunnmøre er at dette skal vere eit varig tilbod, i tett samarbeid med eksisterande ungdomstilbod i kommunane Ørsta og Volda» avsluttar Rotevatn.  

 

Foto: Vasco Pinhol