Designoppdrag på Doffin.

Det skal lagast ny basisutstilling på Sunnmøre Museum

 

Ei intern prosjektgruppe er i full gang med å planlegge den nye utstillinga som skal opne i 2022.Design vil vi ha eksterne krefter til å hjelpe oss med og vi lyser no ut dette oppdraget på Doffin. Doffin er den nasjonale kunngjeringsbasen for offentlege anskaffelsar og er eit godt verktøy for oss til å kome i kontakt med dei ulike utstillingsdesignarane. Vi gler oss til å sjå tilboda som kjem inn og til å samarbeide med utstillingsdesignar om å utvikle den nye utstillinga, som vi håper skal skape engasjement bidra med nye perspektiv i formidlinga av og om Sunnmøre. Utstillinga håper vil vere eit stort løft for museet og vil saman med ny publikumsinngang, kafe og butikk gjere museet endå meir attraktivt for publikum.