Vi søkjer museumsvertar

Vi søkjer museumsvertar på Sunnmøre Museum og Middelaldermuseet. 7. oktober vert Sunnmøre Museum gjenopna og vi ventar stor aktivitet framover. Difor lysar vi no ut fleire faste delstillingar i 7-17% stilling ettermiddag og helg, med snarleg oppstart. Det kan også bli mogelegheiter for ekstra vakter i sesong og ved fråvær.

 

Sunnmøre Museum: 

  • I resepsjon/café/butikk: 2 stillingar som museumsvert, om lag 17 % stilling (ca. 25 timar i månaden), med arbeidstid ein torsdag og fredag i månaden frå 16.00-18.30, samt annankvar laurdag og sundag frå 11.30-16.30 
  • I caféen: 2 stillingar som ryddehjelp, om lag 7 % stilling (ca. 10 timar i månaden), med arbeidstid annankvar sundag frå 11.30-16.30 

Middelaldermuseet: 

  • I resepsjonen: 2 stillingar som museumsvert, på om lag 13 % (ca. 20 timar i månaden) med arbeidstid annankvar laurdag og sundag frå 11.30-16.30. 

Oppgåver: 

  • Yte service og gi informasjon 
  • Billettsal og anna sal i museumsbutikk 
  • Lage enkle matrettar og drikke til våre gjestar 
  • Servering, reinhald og sal i museumscaféen 
  • Opning og stenging av museumshus, butikk og café på området 
  • Andre oppgåver kan også verte tillagte stilllinga 
  • Alle vil få god opplæring 

Om deg: 

  • Du smilar, er positiv og tek imot alle besøkande på ein hyggeleg måte 
  • Du trivst med variert arbeid 
  • Du likar at det til tider kan vere høgt tempo  
  • Du snakkar og skriv godt på norsk og engelsk 

Vi tilbyr: 

  • Løn j.fr. “Landsoverenskomsten for Museer og andre kulturinstitusjoner”, i stillingskode betjent 1078, etter alder og ansiennitet 
  • Medlemsskap i KLP 
  • IA-bedrift, som inneber ekstra satsing på inkludering og tilrettelegging 
  • Eit triveleg arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for utvikling 

 

For å søkje på stillingane, er det viktig at du sender ein søknad og CV til: 

Post@vitimusea.no  

Skriv også inn kva for ei stilling du søkjer og stillingsprosent. 

 

Kontaktperson: Richard Lindin, Marknadskoordinator tlf.: 452 65 308 

Kontaktperson: Anja Rødset, Personalansvarleg tlf.: 919 01 329 

 

Dei første 6 månadane er prøvetid. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Det må påreknast noko reising mellom kontorstadane i organisasjonen. 

Stillingane ligg i avdeling for administrasjon og publikumsmottak. 

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. 

 

Søknadsfrist: 25.09.2021 

 

 

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med 63 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane  Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta, samt Vestnes. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og eit folkemusikkarkiv.