Vi søkjer utleigevertar ved Brudavolltunet

VITI - Brudavolltunet, Ørsta Vi har no ledig 2 faste delstillingar i om lag 5 % stilling (inntil 4 timar i veka) med arbeid annakvar veke/helg.

 

Oppgåver:

  • Framsyning av lokala til leigetakarar
  • Reinhald av servicebygget
  • Innkjøp av reinhaldsmidlar
  • Du vil få opplæring

Om deg:

  • Du smilar, er positiv og tek imot alle besøkande på ein hyggeleg måte
  • Du er påliteleg og sjølvstendig
  • Du set di ære i at lokala skal sjå bra ut

Vi tilbyr:

  • Løn j.fr. "Landsoverenskomsten for Museer og andre kulturinstitusjoner", i stillingskode betjent 1078, etter alder og ansiennitet
  • Medlemsskap i KLP
  • IA-bedrift, som inneber ekstra satsing på inkludering og tilrettelegging
  • Eit triveleg arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for utvikling

For å søkje på stillingane, er det viktig at du sender ein søknad og CV til:

++Post@vitimusea.no++

Kontaktperson: Kari-Mette Aamelfot Tveit, Sals- og serviceansvarleg tlf.: 92200827

Kontaktperson: Anja Rødset, Personalansvarleg tlf.: 91901329

Dei første 6 månadane er prøvetid. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Stillingane ligg i avdeling for administrasjon og publikumsmottak.

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

Søknadsfrist: snarast