Musea på Sunnmøre byter namn til Viti

Viti er det norrøne namnet for “vete” og tyder kveik, teikn, varde og å ha kunnskap. Namnet har kome til gjennom eit samarbeid mellom tilsette og designbyrået Snøhetta.

 


- Vi er svært glade for å få eit nytt namn på stiftinga vår. Namnet seier noko om tradisjonen vi ber, kva vi er og kva vi skal vere for samfunnet rundt oss i framtida, seier  Styreleiar Jon Aasen og administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Namnet Viti er namnet på stiftinga, og arenanamna kjem i tillegg til  organisasjonsnamnet. Dette betyr at tradisjonsrike lokale namn med sterk identitet, får betre plass og druknar ikkje i organisasjonsnamnet.

- Vi har lytta til tilbakemeldingane frå kommunane og lokale eigarar som no er på veg inn i stiftinga om at dei lokale namna må vise betre att i eit konsolidert regionmuseum, framhevar Rotevatn.

 

Namneendringa kjem etter ein lang prosess med god involvering og medverknad. Alle kommunane i regionen har fått høve til å uttale seg i ei offentleg høyring. Det har vore berre positive tilbakemeldingar i høyringsrundene. Samstundes med namneendringa, kjem ny logo og ny nettstad er under utarbeiding.

«Samarbeidet med Viti har vore ei spanande og lærerik, og mest av alt ei morosam, utfordring. Det har vore imponerande å sjå korleis ei så samansett gruppe arenaer og individ har jobba saman og kor modige dei har vore i vala sine – anten det er konsept, namn eller designløysingar» seier Gaute Tenold i Snøhetta.

 

NY NETTSIDE
I haust finn du alle musea samla på vitimusea.no Arbeidet med dei nye heimesidene er godt i gang og vi gler oss til å vise oss fram i ny «drakt». I mellomtida kan du lese meir om sommarens aktivitetar, omvisingar og anna på heimesidene til sunnmore.museum.no, jugendstilsenteret.no og folkemusikkarkivet.no

 

LANSERING AV NETTBUTIKK
På seinhausten er planen også å lansere Viti nettbutikk. Her får du moglegheit til å kjøpe både fagbøker og andre varer som vi i dag sel i våre museumsbutikkar. Også kjøp av billettar til museumsbesøket ditt kan du då gjere her.

 

 

 

FØRSTE SOMMAR MED VITI
I tida 19. juni – 15. august kan du besøke oss kvar dag om du vil!

Fiskerimuseet                      måndag- fredag 10-16  laurdag-søndag 12-16
Middelaldermuseet               måndag- fredag 10-16  laurdag-søndag 12-16
Jugendstilsenteret & KUBE    måndag - søndag 10 – 16
Møbelmuseet                       onsdag – fredag 12-16  søndag 12-16
Sykkylven naturmuseum       onsdag – fredag 12-16  søndag 12-16
Anders Svor-museet             onsdag - søndag 11 – 16
Landbruksmuseet                 laurdag- søndag 12-16
Sivert Aarflot-museet            torsdag 12-16
Dalsfjord fyrmuseum             søndag 12-16

 

For meir informasjon om prisar, aktivitetar, omvisingar m.m. sjå sunnmore.museum.no og jugendstilsenteret.no