Båtvandring på Viddal

 
16/8, kl 14:00-16:00
VOLDA BYGDETUN
Velkommen til foredrag på Viddal ungdomshus! Snidbetningen er ein gammal, særeigen båttype frå Sunnmøre. Han skil seg vesentleg frå andre med si uvanlege bordlegging. Ein av desse båtane i Musea på Sunnmøre si samling kjem frå Ystengarden på Viddal.

I foredraget ser vi nærare på snidbetningen og båten frå Ystengarden spesielt. Korleis er og har bruken av båt i Hjørundfjorden vore? Det er mange spor etter båtar og sjøliv rundt om på Viddal og vi er med på ei vandring der vi ser på desse.
 
I prosjektet «På Skrå» bygger Jakob og Erlend Helset i Bjørkedalen ein kopi av denne båten i samarbeid med Håvard Hatløy frå Musea på Sunnmøre. Prosjektet er støtta av Forbundet KYSTEN sitt breiddegåveprosjekt "Tradisjonsbåt - bygging og bruk".
 
 
 
Foto: Knud Knudsen/ Bergen Universitetsmuseum