Beinfløytekurs

 
16/10, kl 11:00-14:00
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Bein har vorte brukt til fløyter i all tid. Ikkje berre legg- og skinnbein frå sau, men òg frå ku, geit og hjort.


Det meste kan ein få lyd i. Nokre gonger berre ein tone, andre gonger er beinet så langt at det er plass til fangehol. Fingerhola gjer at ein har moglegheit til å få fleire tonar og då kan spele melodiar. 

På kurset skal Stein Villa lære oss kunsten å lage fløyter av sauebein. Det er lite utstyr som skal til, ein kniv, ei sag og ei fil. Kanskje får du både lyd og ein melodi ut av dette vesle instrumentet.

 

 

Pris: 200kr

Påmelding: Send påmelding til anna.gjendem@mupsu.no innan 8. oktober

 

Musea på Sunnmøre, Folkemusikkarkivet og Sykkylven Naturmuseum er ansvarleg for arrangementet. Kurset er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.