Dikt på tur – i Straumsdalen

 
17/9, kl 18:00-19:30
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Vi møtest denne septemberkvelden og deler fine, gode eller artige dikt i den vakre Straumsdalen.


Oppmøte
Parkering og oppmøte ved grindløa på Bruna. Dit kan du gå frå Straumgjerde, sykle eller køyre bil frå Blindheim.

Turen
Vi går mot Hindaholen med nokre stans undervegs for å lese og  lytte. På Hindaholen blir det høve til å sette seg ned og nyte medbrakt  mat og drikke.  Nokre sel vil vere opne. Dei som vil tek turen vidare opp på Hindaholhaugen. Vi får høyre litt om livet i Straumsdalen opp gjennom tidene. Kanskje det også blir ein fløytelåt?

Etterpå går vi attende til grindløa på Bruna der vi avsluttar kvelden.


Vi håpar at mange har med dikt «på lomma» som de har lyst til å dele, men det er ikkje noko krav.

 

Arrangementet er gratis. Bomavgift på Straumsdalsvegen kr 60 (må betalast med bankkort)


Arrangementet blir gjennomført etter gjeldande smittevernreglar.


Arrangørar: Sykkylven Naturmuseum og Sykkylven Mållag



Foto: Sykkylven Naturmuseum