Musikkforteljarteater

 
5/8, kl 12:00-15:00
SUNNMØRE MUSEUM
Sjå framsyninga "Bestefar og sønnesønn" - med musikkforteljargruppa FRIKO.


“Bestefar og sønnesønn” er eit musikkteaterstykke basert på eit tradisjonelt folkeeventyr og ei folketone frå Sunnmøre, laga og spelt av Fride Snipsøyr Holøs og Fride Nøstdahl Hjelle i FRIKO. Framsyninga finn stad på ein aude gard kor tre generasjonar bur saman: Bestefar, son og soneson. Tradisjon tru et dei alltid middag saman rundt bordet med bestefaren sitt gamle handverk og store stoltheit: Porselensservise. Likevel er  ikkje alt som før. Bestefar har vorte gamal og skjelven, og klarar ikkje alt det han kunne før. Men dette gjer vel ikkje Bestefar mindre viktig? «Bestefar og Sønnesønn» er ei familieframsyning for alle generasjonar. 

Arrangementet tek inntil 50 tilskuarar – alle med god avstand til kvarandre, på Åkre bedehus. Billettar kjøper du i resepsjonen saman med museumsbilletten. Voksen kr 50 og barn kr 30