Handverkardag på Sunnmøre museum

 
13/6, kl 12:00-16:00
SUNNMØRE MUSEUM
Treng huset, låven eller hytta stell og forbetring? Kva bør ein gjere – og kva bør ein IKKJE gjere?

Fortidsminneforeninga og Musea på Sunnmøre har samla fleire handverkarar som vil hjelpe deg med å finne gode løysingar.

I tunet på Sunnmøre museum møter du gipsmakar Peder Alme, murar Torgeir Erdal, snekkar  Otto Stornes i «Dør og 
Vindusvern», bygningskonservator Jugendstilsenteret Signe Elvik Svoen og museumshandverkarane Egil Skarbø og Ragnar Holvik.  

Fortidsminneforeninga i Noreg er 177 år, den eldste frivillige foreininga som er i stadig drift i Noreg. Både museet og foreininga arbeider for å ta vare på gamle hus på ein god måte.  

Ta ein tur og snakk med oss og nyt ein fin og nyttig dag i Borgundgavlen!  

Arrangementet er gratis!

NB! Inngang ved Middelaldermuseet, der vi etter gjeldande smittvernsreglar registrerer alle besøkande.  

På Middelaldermuseet kan du også nyte ein kopp kaffe og ein nysteikt vaffel! 

Velkomne skal de vere! 

 

Foto: Fortidsminneforeninga