Haustferie! Aktivitetar for deg mellom 13-18 år

 
14/10, kl 15:00-18:00
SUNNMØRE MUSEUM
Er du mellom 13 og 18 år? Då blir du med på lærerike og morosame aktivitetar knytt til kystkulturen vår.

Hiv deg med på 50-leiken, ro færing, lær å sløye fisk, prøv deg på strikkekunsten og høyr historia om ungdomane som drog ut på sitt første sesongfiske. Bli med på alle eller nokre av aktivitetane - du vel sjølv! Kom aleine, ta med deg ein ven eller heile venegjengen!  Aktivitetane er tilgjengelege frå kl. 15.00 og fram til kl. 18.00.

Ta på klede etter veret - vi er litt ute og litt inne.

 

Inngang kr. 40

Open kafe der ein kan slappe av, ta eit kortspel eller ein runde sjakk. Sal av mellom anna panini og kortreiste fiskeburgarar, vaflar og nysteikte bollar. 

 

Foto: Siw Solvang / Viti