AVLYST!!! "På Skrå" - publikumsdag i Bjørkedalen

 
18/10, kl 14:00-16:00
SUNNMØRE MUSEUM
Grunna situasjon knytt til covid-19 er arrangementet avlyst.

 

 

 


Snidbetningen er ein gammal, særeigen båttype frå Sunnmøre. Han skil seg vesentleg frå andre med si uvanlege bordlegging. Det er no sett i verk tiltak for å ta vare på kunnskapen om båten, ein viktig del av sunnmøre si immaterielle kulturarv. «På Skrå» som går føre seg i Bjørkedalen er ein del av Forbundet KYSTEN sitt breiddegåveprosjekt "Tradisjonsbåt - bygging og bruk".

Søndag 18. oktober inviterer vi til open publikumsdag på garden og i båtskotet til Jakob Helset i Bjørkedalen. Båtforskar Håvard Hatløy vil snakke om det særeigne ved snidbetningen, vi viser fram eldre verktøy brukt til båtbygging og drøftar material og materialbruk.

 

Musea på Sunnmøre gjennomfører prosjektet i samarbeid med båtbyggar Jakob Helset og båtbyggarlærling Erlend Helset. Målet er å overføre kunnskap om snidbetningen til komande generasjonar ved bygging og bruk av ein snidbotna firrøring.

Gratis inngang.

 

I samarbeid med: Forbundet KYSTEN og Bjørkedalen kystlag.

 

Foto: Musea på Sunnmøre