AVLYST! Brannen som berga ei kyrkje!
22/11, kl 13:00-14:00
SUNNMØRE MUSEUM
Grunna restriksjonar knytt til covid-19 er foredraget AVLYST!
Sunnmøre Museumslag ønskjer velkommen til foredrag med historikar Aud Farstad som presenterer den nye boka «ROSEKYRKJA – eit ugløymande syn».
Rosekyrkja vart bygd i 1789 og overdådig dekorert 10 år seinare. Farstad, som er redaktør for boka, fortel også om korleis ein kjend arkitekt frå Bergen, Jens Zetlitz Monrad Kielland, kom inn i Stordal og vart avgjerande for at kyrkja ikkje vart riven i 1907. I 1908 fekk Fortidsminneforeninga overta kyrkja og har vedlikehaldt ho seinare.
Inngang: kr 50. Gratis for medlemmar av Sunnmøre Museumslag. Husk medlemskort.
Vi gjer merksam på å ta omsyn til tiltak for å hindre spreiing av covid-19.
Foto: Odd K. Hanken