Hjartevarme tonar med Stig Ulv

 
1/10, kl 19:00-20:30
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Med artisten Stig Ulv på den vesle scena inne i naturmuseet sine utstillingar, ligg det an til ei særeigen og hjartevarm konsertoppleving.


Med massevis av kanselleringer måtte Ulven foreta seg noko, og det vart det ny musikk av. På ein månad var plata klar og innspelinga vart gjort live med publikum i Ålesund. Plata har fått namnet Hjartevarme. Dei som set spor, varige spor, er dei som bryt ut og skapar noko nytt. Historiene om dei er mange. Dei gjer ein forskjel, difor set dei varige spor. Stig Ulv er ein av dei få som går sine eigne vegar. Han lagar musikk som ikkje er laga før på ein måte som formidlar bodskapen hans. Stig Ulv si forteljing. Det han fortel med gitaren sin er ein del av miljøet han har vakse opp i, krydra med det han har lært undervegs. Stig Ulv vert omtala som ein av landet sine beste instrumentalikarar. Han spelar ikkje på gitarar, men får dei til å snakke. På nynorsk, sjølvsagt!

 

Inngang kr 150. Billettar kan kjøpast ved inngangen (avgrensa tal publikum grunna smittevern).

 

Sykkylven kommune si kulturavdeling står som arrangør, og arrangementet vert gjennomført etter gjeldande smittevernreglar.

 

Foto Stig Ulv: HL Foto
Foto Naturmuseet: Sykkylven Naturmuseum