Haustferietid! Velkomen om bord!

 
12/10, kl 12:00-14:00
SUNNMØRE MUSEUM
Bli kjend med M/K Heland og Englandsfarten. Dugnadsgruppa Helands venner har gjennom mange år lagt ned ein stor innsats i å ta vare på dette unike kulturminnet. Dei vil vere til stades på kaia og om bord og fortelje om fartøyet. Kl. 13.00 vil historikar Ivar Gunnar Braaten fortelje om Englandsfarten.



Fiskekuttaren M/K Heland vart bygd som fiskebåt og vart brukt i mange år til ulike typar fiskeri. Likevel er det rolla han spelte under dei dramatiske krigsåra, som gjer båten mest særmerkt.

I 1941 vart skipper Sevrin Roald spurd om å gå til Shetland med agentar frå Kompani Linge. Dette vart starten på ei ny tid for Heland, som frå no av gjekk inn som «shetlandsbuss» i den såkalla Englandsfarten. Agentar vart frakta frå Shetland til Noreg, og flyktningar og agentar vart frakta andre vegen. Verksemda var farefull, med Gestapo og den tyske okkupasjonsmakta jagande for å stogge denne ferdselsåra.

 

Inngang:
Vaksen kr. 90
Barn kr. 40

Open kafé med sal av kaffi frå Jacu, nysteikte paniniar, kortreiste fiskeburgarar, heimelaga sveler og anna godt.

 

Foto: Lars Leine / Viti