Har du slept fri ein hagerømling? (webinar)

 
14/4, kl 19:00-20:00
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Velkomen til temakveld om svartelista artar.

 

Framande, skadelege planteartar er ein viktig årsak til tap av naturmangfald i norsk natur. Slike plantar er ein av årsakene til at lokale artar blir utryddingstruga. Når dei plantane som naturleg høyrer til ein stad forsvinn, forsvinn også maten og levestadane til mange dyr og insekt.

Bli med på temakveld om svartelista artar og lær meir om kva du kan gjere for å hindre spreiing av desse. Arrangementet er gratis.

 

Påmelding
Send påmelding til mandy.hager@sykkylven.kommune.no innan 13. april. Du vil då få tilsendt lenke til å følge webinaret.

 

Arrangør: Landbrukskontoret for Sykkylven i samarbeid med Sykkylven Naturmuseum.

 

Foto:

Rynkerose – cc-lisens på wiki
Lupiner – cc-lisens på viki
Tromsøpalme – Mandy Häger
Kjempespringfrø – Magnhild Vatne