AALESUNDS MUSEUM, ÅLESUND

Ålesund 1940 - 1945

Korleis var livet i Ålesund under okkupasjonen? Ålesund vart ein brikke i det store spelet gjennom englandsfarten og sjøfolka som hamna midt i krigen.

 

Men også i byen levde ein med krigen. Landskapet endra seg, redsla vart ein del av kvardagen og nye fiendebilete dukka opp. Vi tek dei besøkande med på omvisning i utstillinga og ein samtale om skilnadene på krig og fred. Krigen i Norge er tre generasjonar unna. Kva skjer når krigen blir lengre borte, og korleis påverkar dette forteljingane og oppfatninga av krigshistoria?

Kontaktperson: ingvil@sunnmore.museum.no

Bildetekst: Det brenn på Skansekaia etter eit alliert flyangrep 17. mars 1945. 
Foto: Aalesunds museum