AALESUNDS MUSEUM, ÅLESUND

Brudeegget – ei historie om vågemot

Då Ole Brude fekk ideen om ein overbygd livbåt hadde verda sett fleire dødsulykker til havs. Ideen var å lage ein livbåt, forma som eit egg.

 

7. august 1904 la han og eit mannskap på tre ut frå Ålesund, med kurs for New York. Fem månader etter stranda dei på Cape Ann-kysten i USA. Mannskapet var slitent, men uskadd. Likevel tok det 70 år før dei overbygde livbåtane vart standard på alle store fartøy. I omvisninga høyrer vi den dramatiske historia, og i båtmodellen kan vi kjenne litt på livet ombord. Vi diskuterer kva som dreiv Brude til å få ideen og til å drive han fram. Kan historia inspirere oss til endå uutklekka idear?

Kontaktperson: ingvil@sunnmore.museum.no