Dalsfjord Fyrmuseum, Volda

På Dalsfjord fyrmuseum kan du oppleve historia om dei sunnmørske fyrbyggarane. Dei reiste langs heile Norskekysten for å setje opp fyr og sjømerke. Historia får du oppleve i utstillinga vår.

Museet ligg ved Dalsfjord skule. På skuleområdet finn du leikeplassar og på sjøsida finn du fyrlykta, sjøbuda Brune-buda, den gamle skulen og Korsfurtunet, eit lite verna gardsbruk. Ein tur på museet kan kombinerast med ein køyre- eller sykkeltur rundt Dalsfjorden.

 

 

Musea på Sunnmøre sett inn ekstraordinære tiltak på dei ulike arenaane for å bidra til å redusere risikoen for spreiing av koronaviruset. Vi legg vekt på å følgje dei til ei kvar tid gjeldande råda frå Folkehelseinstituttet (FHI).

 

MEIR OM DALSFJORD FYRMUSEUM, VOLDA