DALSFJORD FYRMUSEUM, VOLDA

Kystverkmusea

Kystverkmusea er etatsmuseet til Kystverket. Museet er organisert som eit samarbeid mellom Kystverket som statleg etat og fem sjølvstendige museumsinstitusjonar: Lindesnes fyr, Jærmuseet, Musea på Sunnmøre, Museum Nord og Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark.

 

Dei fem institusjonane har heile landet og heile Kystverket sitt virkefelt som arbeidsområde. 

Lindesnes fyr har det koordinerande ansvaret i Kystverkmusea. Lindesnes fokuser særleg på overordna nasjonale og internasjonal kontakt og perspektiv. Elles følgjer museet opp i saker frå svenskegrensa til Åna-Sira. Lindesnes fyrmuseum følger opp den daglege drifta av museumsbåten «Gamle Oksøy».

Jærmuseet har eit fagleg fokus på losvesen og moderne trafikkovervaking. Jærmuseet er særleg kjend for sin kompetanse innan drift av vitensenter og formidling. I det daglege arbeidet er Tungenes fyr den avdelinga som følgjer opp arbeidet innan Kystverkmusea.

Musea på Sunnmøre har eit særleg fokus på Fyr- og merkevesenet og har eit særleg eit geografisk fokus på region Midt. Det daglege arbeidet i Kystverkmusea vert følgt opp av Dalsfjord Fyrmuseum.

Museum Nord har eit særleg ansvar for dokumentasjon, formidling og kunnskap om Hamnevesenet. Det daglege arbeidet vert følgt opp av Lofotmuseet.

Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark driv Slettnes fyr og Berlevåg havnemuseum. Det daglege arbeidet vert følgt opp av Gamvik museum.

 

Kystverkmusea arbeidar med historie, kulturminne og kulturarv knytt til fyr, seilingsmerke, hamner, farleier, kanalar, losverksemd, moderne trafikkovervåking og miljø- og sikkerheitsberedskap.

 

Her er ein kort film om Kystverket og kva vi jobbar med:

Kystverkmusea

 

Meir om Kystverkmusea finn du her.