FISKERIMUSEET, ÅLESUND

Segltur med Storeggen

Fiskerimuseet inviterer til å vere med og segle bankskøyta Storeggen. Storeggen er ein kopi av ei ålesundsk fiskeskøyte frå 1890 – åra. Med full seglføring har skøyta sju segl, Dette er ein tur for dei som ønsker å oppleve korleis det er å segle ei gaffelrigga fiskeskøyte som Storeggen. Du må ikkje kunne segle frå før, men du må kunne ta i eit tak. Vi går frå Fiskerimuseet, ut Molja og dit vinden tek oss.

 


Tidspunkt:
Tysdag 25. august kl 18 – 21
Torsdag 27. august kl 18 - 21
Tysdag 01. september 18 - 21
Torsdag 03. september 18 - 21

Utstyr: Varme klede og niste, gjerne sjøstøvlar og arbeidshanskar. Sikkerheitsutstyr om bord.

Billettar
Pris kr. 400

Billettar kjøper du på Tikkio.no. Du kan også reservere pr. e-post postam@mupsu.no eller ring oss på tlf 70 16 48 42


På – og avmønstring: Fiskerimuseet, Molovegen 10, Ålesund. 

Oppmøte eit kvarter før avreise :)



Foto: Vasco Pinhol