FISKERIMUSEET, ÅLESUND
Utleie av "Storeggen av Ålesund"
Fisketur
Kom og bli med på ein fisketur heilt utanom det vanlege. Du får fiske frå dekket på båten med stang, og kanskje får du ein borgundfjordtorsk på kroken? Vi har fiskeutstyr ombord til bruk for gjestane.
Segltur
Segling med Storeggen krev ikkje forkunnskap, men litt arbeidsinnsats. Under kyndig rettleiing blir du ein del av mannskapet på seglbåten og får prøve korleis det er å segle eit historisk fiskefartøy.
Båttur/Sightseeingtur
Bli med på tur og nyt fjorden og det sunnmørske landskapet i ro og mak. Båten tek dykk med på ein tur langs fjordar og øyer nær Ålesund.
Pris for utleige
NB: Maks 12 passasjerar
Timepris 1650 NOK + 3300 NOK (opp og nedrigg). Minimum 2 timar på sjøen. Prisane er Inklusiv moms. Ta kontakt for overnattingstur eller andre turar.
Båten seglar i utgangspunktet frå Fiskerimuseet/Molja, men kan starte andre stadar etter avtale.
For meir informasjon og booking: postam@sunnmore.museum.no
tlf + 47 70 16 48 42