Sivert Aarflot-museet, Volda

På museet møter du Sivert Aarflot sitt liv og verke. Han starta det første landsbiblioteket i Noreg og det første trykkeriet på landsbygda. Han gav ut avis og trykksaker, dreiv opplysningsarbeid og markerte seg både lokalt og nasjonalt. Kvar onsdag i sommar kan du òg ta med familien på ein quiz der vi ser verda med 1700 – talsmenneska sine auge.

 

Musea på Sunnmøre sett inn ekstraordinære tiltak på dei ulike arenaane for å bidra til å redusere risikoen for spreiing av koronaviruset. Vi legg vekt på å følgje dei til ei kvar tid gjeldande råda frå Folkehelseinstituttet (FHI).

 

 

MEIR OM SIVERT AARFLOT-MUSEET, VOLDA