SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND
Båtar
Ved kaia og i båthallen finn du ein av landets største båtsamlingar. Bli betre kjent med vikingskipet Borgundknarren og historia til fiskekuttaren og «shetlandsbåten» M/K Heland. Båtbygging og båtbruk har lange tradisjonar på Sunnmøre. Kopiar av Fjørtoftbåten og Kvalsundskipet frå 600- og 700- talet er synlege prov på dette. Begge båtane finn du i den store båthallen på museet. Her står også dei gamle sunnmørsbåtane, opne båtar til fiske, frakt og skyss, som av mange er rekna som dei beste havseglarane på Norskekysten.
Har du lyst på ein rotur?
Ta med venner eller familie og utforsk fjord og øyar i nærområdet. Hos oss kan du leige robåt og vestar. Vi har to båtar, Leia og Linge, til utleige. NOK 200 for turen, berre du er tilbake klokka 15:45. Henvend deg i resepsjonen for informasjon og leige.