SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Friluftsmuseet

 

Dette området (1) er stengd for ferdsel i perioden 1. mars - 6. oktober 2021. For tilkomst til øvre del av friluftsmuseet, brukt stien ved Middelaldermuseet (2)

 

 

 

 

Friluftsmuseet fortel om gamal byggjeskikk og levemåte på Sunnmøre frå 1500-talet og fram mot nyare tid. Husa gir ramma kring familie, kvardagsliv og fest. Uthusa, frå  seterhus og kufjøs til båtskot og naust, fortel om arbeidet på garden, utmarka og på sjøen. Husa kjem frå heile Sunnmøre: Bjørkedalen, Borgund, Ellingsøy, Fiskå, Fosnavåg, Haram, Liabygda, Norddal, Skodje, Spjelkavik, Stordal, Stranda, Sykkylven, Valderøy, Vartdal, Volda, Ørsta og Ålesund. Borgundgavlen er eit spennande tur- og rekreasjonsområde. Her kan ein spasere på fredlege skogsstiar, vandre mellom dei gamle gardstuna ogkanskje avslutte med kaffi og svelei museumskafeen.