SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Oppskrift "digitale" leser

Laurdag 12. desember hadde vi digital lefsebaking på våre facebooksider. Oppskrifta finn du her :) Videoen ligg ute på Facebooksidene våre.

 

Oppskrifta har vi fått frå Torhild Remme, styreleiar i Sunnmøre Museumslag. 

 

INGREDIENSAR: 

Ingrediensar til ca 22 leivar 

1,5 kg kveitemjøl

1 liter kulturmjølk

125 gr soft margarin

2 ss (strøkne) hornsalt

1 ts (toppa) bakepulver

1 (ca 1,5 dl) kopp sukker

Byggmjøl eller semulegryn til breiemjølet (når du skal kjevle ut lefsa)

 

Framgangsmåte

 Bland saman sukker og margarin (bruk mixmaster)

I ein bakebolle med ca. 1 kg kveitemjøl tilsettast smør/sukker-blandinga. Rør ut bakepulver og hornsalt i kulturmjølka – og rør dette inn i deiga.

Rør varsamt saman

Tilset ekstra kveitemjøl til passe deig – ikkje for klissete men heller ikkje for fast. Resten av kveitemjølet brukar du i breiemjølet.

Trill ut ei pølse av deiga og del opp i emner. Kvart emne skal vere ca 120 gram (passar til ei takke på 46 cm i diameter). Trill ut kvart emne til ein bolle (utan sprekker), klapp bollen litt saman og legg den under plast.

 

Når du skal kjevle ut emnet:

Dypp emnet først i breiemjølet. Bland saman i ein djuptallerken 50/50 byggmel (eller semulegryn), og kveitemjøl. Dette gjer at lefsa ikkje sett seg fast på underlaget når du skal kjevle ut.

Form emnet litt større i handa

Dryss breiemjøl på bakeunderlaget og kjevl forsiktig med rutakjevle. Snu leiven ofte i starten.

Takka skal stå på 6,5 (på ei takke med opptil 8). Lefsa skal steikast på begge sider.

Legg lefsa på eit vått handkle. Spray ho med vatn, og legg eit handkle over.


Om ein vil kan ein smøre lefsene og legge dei i frysaren, klar til servering. Legg matpapir mellom kvart lefselag og pakk inn porsjonane i plastfolie. Nokon likar smør og sukker, andre vil kanskje også ha litt kanel på.  Er du ikkje glad i «sukkerknas», kan du nytte smørkrem med melis:

 

Smørkrem til ca 25 lefser

500 gr melis

200 gr soft margarin – romtemperert

200 gr meierismør – romtemperert

 Om du vil ha litt kanel i – tilset 1 ts kanel.

 Rør saman til kremen vert kvit, lett og luftig.