SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Internasjonalt forskingsprosjekt

Internasjonalt forskingsprosjekt bles nytt liv i Borgund!

 

 

I mellomalderen var Borgund ein av 15 byar i Noreg. Dei arkeologiske funna som vart gjort på 50, 60 og 70-talet i Borgundgavlen er, utanfor dei store byane, det største arkeologiske funnmaterialet i Noreg knytt til mellomalderen. No bles ein nytt liv i forskinga!


Gjennom eit tverrfagleg, internasjonalt samarbeid skal etablerte forskarar frå Noreg, Island, USA, Austerrike, Finland og Belgia finne ut meir om livet i Borgund; korleis og kvifor Borgund oppstod og kva som til slutt gjorde at byen vart forlatt. Forskingsteamet vert leia av professor Dr. Gitte Hansen, Universitetsmuseet i Bergen.


Oppstart
Prosjektet hadde oppstartsseminar på Middelaldermuseet i november 2019, der arkeologar, geologar og historikarar møttest for å sette den vidare kursen for forskings- og formidlingsprosjektet som går over fire år.

Finansiering
Norges forskningsråd (NFR) har gitt 10 millionar kroner til Universitetsmuseet i Bergen til prosjektet som tek utgangspunkt i det store arkeologiske funnmaterialet i Borgund. I tillegg har prosjektet ei eigenfinansiering på godt og vel 12 millionar kroner frå universitets- og museumssektorane i Noreg, Island og USA.

 

 

Sagabyen Borgund gjenoppstår
I mellomalderen var Borgund ein av 15 byar i Norge. Vi høyrer om staden i sagalitteraturen, og i 1384 vert Borgund omtalt som ein av ‘de små kjøpsteder’. Etter 1500-talet høyrer ein ikkje meir. Byen er forlatt og gløymd.


I 1953 blei Prestegårdsjordet i Borgundgavlen besøkt av arkeologar, og overraskinga var stor då det dukka opp mellomaldergjenstandar av ‘bykarakter’. Interessa på Sunnmøre og ved Universitetet i Bergen førte til fleire arkeologiske utgravingar gjennom 50-, 60- og 70-talet. Utgravingane blei leia av Asbjørn E. Herteig frå Historisk Museum ved Universitetet i Bergen. Gjennom 20 feltsesongar (1912-2015) er 5300 m2 undersøkt, 45.000 arkeologiske gjenstandar og eit like stort osteologisk materiale er funne. Det er det største middelalderarkeologiske funnmaterialet i Norge, utanfor dei store byane. Noko av kjeldematerialet vert formidla på Middelaldermuseet ved Sunnmøre museum, medan resten er oppbevart ved Universitetsmuseet i Bergen. Universitetsmuseet i Bergen er landsdelsmuseum, og har det nasjonale ansvaret for forvaltning av arkeologisk materiale frå Vestlandet.


Norges forskningsråd (NFR) har gitt 10 millionar NOK til Universitetsmuseet i Bergen til forskingsprosjektet som tek utgangspunkt i det store arkeologiske funnmaterialet på Borgund i Ålesund. I tillegg til midla frå NFR, har prosjektet ei eigen-finansiering på godt og vel 12 millionar NOK frå universitets- og museumssektorane i Norge, Island og USA.


Det er gjort for lite grunnforsking på Borgundfunna!
Vi veit mykje om livet i dei store middelalderbyane i Norge, men når det gjeld dei små byane er det framleis store kunnskapshol. Gjennom tverrfaglege samarbeid skal prosjektet finne ut meir om kva slags liv det var der gjennom 300 – 500 år. Det er særleg interessant å finne ut meir om korleis og kvifor Borgund oppstod, og kva som til slutt gjorde at byen vart forlatt.
Prosjektet har gjennomgåande eit ‘perspektiv nedanifrå’. Det betyr å ta utgangspunkt i kjeldene, og å finne menneska og kvardagslivet bak desse. Målet er også å samanlikne det som skjedde på Borgund med forhold i samtidas Norge og Europa.


Ein hypotese er at Borgund, som ein av Norges små byar, spelte ei viktig rolle for foredlinga av naturressursar frå hav, fjord og fjell. Byen kan ha vore eit viktig regionalt knutepunkt for nasjonal og internasjonal handel.


Den andre hypotesen er at folka i Borgund hadde god kjennskap til storsamfunnet sine gleder og goder, og at dei hadde gode økonomiske, kulturelle og sosiale nettverk både lokalt og internasjonalt.
Med dagens kunnskapsnivå, eit stort kjeldemateriale og eit vell av nye arkeologiske og naturvitskaplege metodar er det mogeleg å puste nytt liv i forskinga på Borgundkaupangen og slik fylle kunnskapshol i ein spennande del av norsk og europeisk mellomalderhistorie.


Partnarar og forskingsteam
BorgundKaupangProsjektet vert leia og koordinert av Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen, ved professor Dr. Gitte Hansen. Sunnmøre museum, Osterøy museum og Haffenreffer museum ved Brown University i USA er partnarar i prosjektet.


Forskingsteamet omfattar to Ph.D. stipendiatar som skal ta for seg produksjon og forbruk av heimlege og eksotiske varer, samt ei rekke etablerte forskarar og handverkarar innan arkeologi, geologi, historie, kunsthistorie, norrøn filologi, osteologi og tekstilvevnad. Dei skal ta for seg forbruk av eksotiske importerte klede og tekstilar, rekonstruksjon av tekstilar, kvinne-mann-barn relaterte aktivitetar, eksotiske og heimlege kvardagsgjenstandar som sko, kammar, kjøkenutstyr, reiskapar til ute og innebruk, råstoff til bygging av hus og kyrkjer, kyrkjebygningane, kyrkjekunst, eigedomsforhold, samtidas oppfatning av forlatne byar m.m.
Prosjektet har i tillegg ei internasjonal vitskapeleg referansegruppe med fagfolk frå universitets- og museumssektorane i Finland, Austerrike og Belgia.


BorgundKaupangProsjektet samarbeider med Møre & Romsdal fylkeskommune som er i ferd med å utvikle eit Virtual Reality formidlingsprosjekt; «Ein Bit av Historia».